- se flere aktuelle bøker fra Tronsmo »
KJØP DEN NÅ!
FLUKTA TIL FINNMARK 1800-TALET

Av:
Kathrine Nedrejord

249.00

Tips en venn om denne boka:









FLUKTA TIL FINNMARK 1800-TALET

KRISETID

For å forstå oss sjølve og tida vi lever i, må vi også forstå historia. I pamflettserien Krisetid fortel nokre av dei fremste fagfolka i landet korleis menneska har opplevd og takla kriser tidlegare. Historia er full av elende og vondskap, men også lys og håp.

I siste halvdel av 1800-talet blei Finland ramma av ei rekke uår som fekk tusenvis av menneske til å forlate landet. Mange av desse, som blei kalla kvener då dei slo seg ned i nord, enda opp i Troms og Finnmark. Ein av dei var tippoldefar til forfattaren, Isak Martimo Gaski. Etter at far til Isak kom ut for ei alvorleg arbeidsulykke, blei Isak overlaten til framandfolk. Åtte år gammal blei han sett bort til ein samisk familie i Tana-området, til ein heim og ein kultur som var heilt ukjent for han.

Kathrine Nedrejord tar for seg innvandringa frå Finland til Noreg, og skjebnen finnane møtte då dei kom hit. Korleis gjekk det med dei? Og korleis blei det nye landet prega av nykomlingane? Nedrejord fortel historia om korleis eit barn som opplevde store tap, likevel klarte seg. Isak Martimo Gaski vart ein del av det samiske samfunnet i Tana, fekk barn og familie og blei godt integrert, sjølv om bakgrunnen også prega livet hans. Innvandringa frå Finland fekk store konsekvensar politisk: Ho var startskotet for fornorskingspolitikken, som har prega både den kvenske minoriteten og det samiske folket gjennom heile det førre hundreåret og fram til i dag.

Utgivelsesår: 2021
Forlag: Samlaget
Innbundet: nei
Sidetall: 93
Isbn nr.: 9788234006371
Språk: NO

Emneord:
Historie

HANDLEKURV

Handlekurven er tom

Legg produktene du ønsker i handlekurven og gå til kassen for å betale.

Du kan også lagre handlelister til senere bruk - eller dele dine lister med andre.

Les våre betingelser.

Vi godtar

Eller vi kan sende faktura.