Kjærleiken er noko drit, synest Klara. At faren Frode ikkje har nokon ny kjærast, er eit problem. For å gjere noko med dette skriv Klara eit falskt kjærleiksbrev som ho legg i postkassene til dei einslege damene i nabolaget - og kjem opp i ei rekkje uventa og pinlege situasjonar. Men kven er ho sjølv forelska i? Det får ho først svaret på då det byrjar ei ny jente i klassen. For Marie Lindkvist dansar ballett som om det står om liv og død. Ja, ho dansar som om det er hennar siste dans her på jorda.
Linda Klakkens første bok for barn er ei historie om den første, store forelskinga. Om klassefestar, kysseleikar og uuthaldeleg hjarteverk.
Utgivelsesår: 2017
Forlag: Samlaget
Innbundet: ja
Sidetall: 152
Isbn nr.: 9788252192582
Språk: NO
Emneord:
Barn- og ungdom
Skeiv litteratur
Legg produktene du ønsker i handlekurven og gå til kassen for å betale.
Du kan også lagre handlelister til senere bruk - eller dele dine lister med andre.
Les våre betingelser.
Vi godtar
Eller vi kan sende faktura.